Viktig info om dagens øving – gjelder alle i Åse Skolekorps

Aspiranter og juniorer

Marsjering

Einkvar som ser ut på (haust)vêret ser at det ikkje er forsvarleg å marsjere utandørs i dag. Vi har difor organisert marsjtrening på nederste nivå i nybygde Aksla Parkering.

Difor: Oppmøte for samtlege i Åse Skolekorps 17:45 (gjerne før…), det blir transport med buss og i privatbilar til Aksla Parkering så snart vi er klare for avgang. Retur frå Aksla Parkering i buss/med privatbilar kl 20:00. Ankomst Åse Skole ca 20:15.

For å få dette til å gå opp trenger vi bistand frå foreldre som kan transportere dei borna vi ikkje får plass til i bussen. Gje tilbakemelding pr e-post

til thore(a)senneset.net hvis du kan køyre. Vi fyller opp bilane så det er ikkje sikkert vi trenger alle som eventuelt melder seg. Dette ser vi først i ettermiddag.