Vel blåst!

Så var øvingshelga over og vi er (nesten) klare for konserten neste søndag. Drill, hovudkorps, aspirantkorps og juniorkorps har jobba knallhardt heile helga og det var ein sliten gjeng som reiste heim søndag ettermiddag.

Som vanleg var det KK med god hjelp frå andre foreldre som stod for gjennomføring av øvingshelga. Vi hadde også denne gongen med oss ein gjeng dyktige instruktørar, ein stor takk til alle som stilte opp.

Noko av maten...

Noko av maten…

I tillegg til det vanlege; gruppe- og fellesøvingar hadde vi også øving saman med drillen slik at det meste no er klart for konsert. Solistar fekk også gjennomgang av sine nummer og fekk prøve seg på desse saman med hovudkorpset både laurdag og søndag ettermiddag.

I år gjekk leiarane på eit forsmedeleg tap i den nattlege volleyballkampen. Vi skuldar sjølvsagt på teljefeil, dårleg trening samt at ein av leiarane gjekk på eit stygt overtramp i det som burde ha våre vår siste parademarsj til seier i siste sett. Vi kjem grusomt tilbake neste gong…

Nedanfor finner de nokre bilete frå helga.