Kl 04:21: Det er muligens i tidlegaste laget å starte på dagens reisebrev frå Tafjord/Valldal-turen, men ein må skrive når sjansen byr seg. Det er stilt på skulen. Dei einaste som er vakne er Helge og underteikna. Vi “vann” hundevakta denne natta… Det blei (relativt) tidleg stilt i går kveld. Sjølv om her var liv og røre ...
I dag har vore dagen der mange strekte seg langt og lenger enn langt – på meir enn èin måte! Litt meir om det om litt. Dagen i dag starta for forfattaren sitt vedkommande klokka 06:30 då han, truleg som den einaste, vakna av vekkerklokka til (for ikkje å nemne namn) han som låg to ...
Det er muligens ikkje betryggjande, men det siste minuttet før avreise forløp om lag slik: Inger Johanne: Kor mange har de i storebussen no? De skal ha 34, er alle på plass? Birgit: Vi har 40! Inger Johanne: Då har vi i alle fall ikkje for få, vi drar! Og så reiste vi… Bussturen innover ...
Oppdatert oversikt over aktivitetar for april, mai og juni er å finne her: http://www.aseskolekorps.no/nyttig/aktivitetsplan/ Aktivitetsoversikten inneheld også informasjon om antrekk, oppmøtetidspunkt og kven (hovudkorps, drill, aspirantar etc) som skal delta.
Søndag formiddag klokka 10:40, heile fem minutt før tida, sat alle klare i bussane og vi begynte på heimvegen. Dei første hadde allereie dratt, Karen og tre gutar som skulle på Skandia Cup i Trondheim reiste allereie klokka 07:45. Årets korpstur nærma seg slutten og sommarferien står for døra. Det var som vanleg ein litt rusten gjeng ...
Klokka 16:30 – midt i fredagsrushet – satte bussane seg i bevegelse i retning Solevågen med Sandane i Nordfjord som det endelege målet. Vanen tru delte vi bølingen i to, ungdomsskuleelevar og eldre i ein buss og barneskuleelevane i den andre. Nokre av eks-sjuandeklassingane prøvde seg eplekjekt med at “vi går jo ikke på barneskolen ...
Vi har fått dommarkommentarane frå NM i marsjering. Tilbakemeldingane vi får er fine, og dei gir oss tips om korleis vi kan komme enda litt lenger. Godt lesestoff i sommarvarmen, klikk på “les mer” så finner du lenke til ei PDF-fil 🙂
I skrivande stund sitter vi i bussen i fint driv mot Dovrefjell. Årets korpstur går ubønnhørleg mot slutten, og sjølv om det har vore ein flott tur kjenner dei fleste at det skal bli godt å komme heim. Vel, det er vel ei sanning med enkelte modifikasjonar. Fire av musikantane våre skulle nok ynskje at ...
Dag nr 2 starta med frukost på Charlottenlund Skole før vi lasta bussane med ei blanding av nervøse og forventningsfulle musikantane og satte kursen mot Trondheim Spektrum der vi skulle delta i NM i gatemarsj. Stemninga var nesten til å ta og føle på… Utanfor hallen nytta vi høvet til ein siste finpuss på både ...