Super tur til Stryn

Så var årets korpstur over, og vi er vel heime frå Stryn. Turen blei ein kjempesuksess, og både store og små har kosa seg. 71 born og 14 vaksne reiste av garde i bussar fredag kveld med Stryn Vidaregåande Skule som mål. I løpet av turen har vi fått med oss shopping i Stryn (var det nokon som sa Moods of Norway…), bading, lunsj og konsert på Hotel Alexandra i Loen og sjølvsagt mykje leik og moro. Det var ingen som hadde lyst til å reise heim søndag formiddag, noko biletet nedanfor viser…

Verdens beste gjeng!

Verdens beste gjeng!

No avgått KK-leiar Hildegunn Skevik Austnes hadde sjølvsagt ordna med passande transport til oss på heimvegen…

Pakka og klar

Pakka og klar