Reisebrev nr 1 frå Sandane

Klokka 16:30 – midt i fredagsrushet – satte bussane seg i bevegelse i retning Solevågen med Sandane i Nordfjord som det endelege målet. Vanen tru delte vi bølingen i to, ungdomsskuleelevar og eldre i ein buss og barneskuleelevane i den andre. Nokre av eks-sjuandeklassingane prøvde seg eplekjekt med at “vi går jo ikke på barneskolen lenger” før dei slukøra satte seg i “småbussen”. Det at «ungdomsskulerettigheitene» først kjem til hausten var litt tungt å svelge. Enkelte vaksne satt med eit ørlite håp om at “kanskje det kan bli softis på fergekaia, det seeeer jo ut til at vi ikkje kjem med ferja”. Den gong ei…

Som vanleg stoppa vi i Hornindal (kan eigentleg seie “til vanleg” andre gongen ein stoppar ein plass…?), brus skal ut og softis skal inn før vi la i veg på strekk nr to i retning Lote fergekai. Der fekk vi oss ein velfortent beinstrekk før fjorden blei kryssa og Gloppen kommune låg for våre føtter.

Etter ein aldri så liten bomtur i retning Sandane Skule (“noen” hadde, trass to år på Firda Vidaregåande skule, gløymt kva som var ungdomsskulen og kva som var barneskulen…) fann vi endeleg Gloppen Ungdomsskule og fekk innkvartert oss. Litt forhandlingar om romfordelinga blei unnagjort i ein fei og dei første stakk ut for å teste fotballbana. Så langt har vi styring på borna, dagens einaste «hendelse» var ein vaksen som – trass gjentekne formaningar frå bussjåførane – klarte å gløyme telefonen sin i den eine bussen. Sølvi kom oss til unnsetning og frakta den uheldige til Nordfjord Folkehøgskule der bussen stod parkert medan den eine sjåføren leita opp den forsvunne telefonen. Borna har så langt ikkje rota bort hverken venner eller telefonar…

I morgon blir det speling i Sandane sentrum før vi setter kursen mot Trivselshagen og bading. I morgon vil det også vere bilete frå turen i reisebrevet. God natt!