Fire flotte ungdommar hadde siste langtur med Åse Skolekorps sist helg, dei går av for aldersgrensa, og vi bad dei skrive nokre ord om kva det å spele i korpset vårt har betydd for dei. Åse Skolekorps nyttar høvet til å takke for solid innsats både musikalsk og sosialt gjennom 11 år og ynskjer lykke ...
Drilltroppen til Åse Skolekorps gjekk av med seieren i si klasse, 3. Divisjon junior under NM i Stjørdalshallen. Vi gratulerer Kamilla, Marita, Sunniva, Louise, Synne, Amanda og Stine med eit fantastisk resultat. Her er lenke til Sunnmørsposten sin omtale av innsatsen: klikk her!
I skrivande stund sitter vi i bussen i fint driv mot Dovrefjell. Årets korpstur går ubønnhørleg mot slutten, og sjølv om det har vore ein flott tur kjenner dei fleste at det skal bli godt å komme heim. Vel, det er vel ei sanning med enkelte modifikasjonar. Fire av musikantane våre skulle nok ynskje at ...
Dag nr 2 starta med frukost på Charlottenlund Skole før vi lasta bussane med ei blanding av nervøse og forventningsfulle musikantane og satte kursen mot Trondheim Spektrum der vi skulle delta i NM i gatemarsj. Stemninga var nesten til å ta og føle på… Utanfor hallen nytta vi høvet til ein siste finpuss på både ...
Då har freden senka seg (sånn nokonlunde) over skulen og den første dagen av årets korpstur er over. Vi ankom Charlottenlund Skole i halv firetida og etter å ha fått fordelt oss utover klasseromma vi disponerer var det klart for ein aller siste gjennomgang av programmet til NM-konkurransen. Deretter gjekk turen til Sverresborg Folkemuseum for ...
NMF har laga ein flott artikkel om korpset vårt på heimesida si, spilleglede.no. Vel verdt å lese! Vi gler oss til Trondheimsturen og vil forsøke å halde heimesida vår oppdatert med bilete og tekst frå aktivitetane vi deltek på.
Korpset jobbar hardt med å forberede seg til trondheimsturen der vi skal delta i NM i gatemarsj. Nedanfor har vi lagt ut nokre bilete frå dagens økt i Borgundhallen.
Også i år blir det St. Hans-feiring på Geileberga i regi av Åse Skolekorps. Vi startar kl 18:00 med leikar, lykkehjul og natursti. Storbålet blir tent klokka 18:30. Som vanleg selger vi rømmegraut.
Styret i Åses skolekorps inviterer til foreldremøte i korpset tirsdag 3. juni kl. 2000 på skolen. Vi er i ferd med å gå inn i avslutningen av korpssesongen og tenker at det er viktig å informere om hva som skal skje i Trondheim. Det vil også bli informert om verv i korpset for neste sesong. Valgkomiteen er ...
Årets sommarsamling for skule- og amatørkorps i Ålesund og Sula gjekk av stabelen på Lerstad 29. mai. Vi gjorde ein solid innsats og reiste heim med tre av fem premiar: Beste innmarsj, beste showopptreden og beste korps totalt. Nedanfor har vi lagt ut bilete frå den strålande dagen.