På heimveg – Siste reisebrev frå Landsstemnet 2014

I skrivande stund sitter vi i bussen i fint driv mot Dovrefjell. Årets korpstur går ubønnhørleg mot slutten, og sjølv om det har vore ein flott tur kjenner dei fleste at det skal bli godt å komme heim. Vel, det er vel ei sanning med enkelte modifikasjonar. Fire av musikantane våre skulle nok ynskje at turen kunne ha vart eit par-tre dagar til. Då Tore Kleive kommanderte “tre av!” for siste gong i dag var det ikkje fritt for at det spratt ei lita tåre i augekroken til Vegard, Markus, Jon og Josefine. For dei markerer turen slutten på tida i Åse Skulekorps, ei tid alle fire nok vil sjå tilbake på med svært mange fine minner.

Dagen i dag starta ekstra tidleg for sju av jentene i drillen. Dei var på beina allereie klokka 06:00 for å forberede seg til dagens NM i drilldans. Også for desse sju var det ein litt spesiell dag. Det var nemleg fyrste gongen dei hadde heile hovudkorpset samt juniorane som publikum i ein konkurranse. Vi som var til stades fekk sjå ei fantastisk flott forestilling, makan til drilljenter trur eg ikkje det er mange som har!

Etter konkurransen heiv vi oss i bussane og satte kursen tilbake til Charlottenlund Skole for å pakke ned madrasser, soveposar, sure sokkar og skitne bukser. På veg ut i bussane kika vi litt nervøst opp mot truande grå skyer og kjende regndropar treffe panna. Ville innmarsjen til Trondheim Torg bli ein våt opplevelse? Det sluttar aldri å forbause oss leiarane kor mange som i løpet av ei slik pakke-økt oppdagar at “e har glemt regnkappa mi hjemme” eller at “e finner ikke uniformsskoa mine”.

Pakking og oppdressing gjekk eigentleg relativt raskt, og medan nokre tok seg av å “administrere” pakkinga sørga andre av leiarane for lunsj. Vi hadde handla inn til dette måltidet sjølv, og det var nokså populært at det stod både nugatti og sjokomelk på lunsjbordet. Enkelte hevda bestemt at dette var den beste lunsjen så langt på turen.

Sidan bussane blei lasta ferdige før lunsj var det berre å setje seg i bussen med kurs mot Solsiden etter at måltidet var unnagjort. Der marsjerte vi saman med mange andre korps inn Fjordgata og deretter opp Nordre Gate for å delta på festivalavslutninga på Trondheim Torg. Vêrgudane viste seg atter ein gong å vere på vår side og innmarsjen foregjekk i relativt behageleg temperatur.

På Torget stilte etter kvart 200 korps seg opp, og medan vi venta på at alle skulle komme på plass var det uniformscatwalk. Der viste mange av korpsa fram uniformene sine, og vi sendte av garde Markus, Anna og Iselin for å representere oss.

Å få 200 korps på plass tar sjølvsagt si tid, og etter kvart utvikla det seg til ein aldri så liten konkurranse mellom korpsa som stod oppstilte. Vi meinar sjølvsagt at våre musikantar spelte fletta av alle dei andre då dei drog i gang med “Dixieland Strut”. Trur knappast det har vore sånn trøkk i trompetrekka vår nokon gong, og resten av gjengen fulgte sjølvsagt etter trompetane sitt eksempel. Fett!

Sjølv om det var artig å spele Jan Magne Førde sin “Bruremarsj” saman med Brazz Brothers og 8-9000 andre musikantar vart avslutningskonserten i lengste laget for oss. Vi “sneik” oss difor relativt ubemerka ut “bakvegen” og satte kursen oppover mot Trondheim Spektrum der bussane våre venta. Vi gjekk i fint driv oppover Leuthaven og jammen var det enda litt krefter igjen i gjengen. Det var ikkje mange protestane som kom då ein av leiarane ropte “vi tar Gammel Jegermarsj ein siste gong før heimreisa”. Eit raskt blås i fløyta frå Marita, oppslag frå Bendik, Tonje, Sølve og Henrik og så gjalla marsjen i veggane langs vegen mot gangbrua over Nidelven.

Eit raskt skift i bussen, vekk med uniformer og på med sivilt tøy før vi køyrde i retning lasagnen som venta oss på Sandmoen Kro. Vi hadde bestilt lasagne til 80 personar men vi spiste nok for 110… På Sandmoen tok vi farvel med drilljentene som deltok i NM i dag tidleg. Dei returnerte til Stjørdalshallen for å delta på premieutdelinga. I skrivande stund veit vi ikkje resultatet, vi postar det sjølvsagt her på heimesida vår med ein gong vi får vite det.

Resten av gjengen svei av dei siste lommepengane på Essostasjonen ved kroa før vi fylte opp bussane og satte kursen mot Ålesund. Som vanleg er det ein fryd å reise på tur med Åse Skolekorps, aldri noko tullball med denne gjengen. Nok ein gong viser born og ungdommar frå Åse seg fram frå si beste side både «i sivilt» og i uniform. Ein av sjåførane våre sa det så treffande på klingande bergensk: «Dåkker har en heeelt fantastisk gjæng!».

Men no skal det faktisk bli godt å komme heim…