Og vips så var vi heime igjen – Reisebrev nr 2 frå Sandane

Søndag formiddag klokka 10:40, heile fem minutt før tida, sat alle klare i bussane og vi begynte på heimvegen. Dei første hadde allereie dratt, Karen og tre gutar som skulle på Skandia Cup i Trondheim reiste allereie klokka 07:45. Årets korpstur nærma seg slutten og sommarferien står for døra.

Det var som vanleg ein litt rusten gjeng som litt etter litt seig inn i kantina for å spise frukost laurdag morgon. Nokre skiver glei ned, nokre litt meir frivilleg enn andre, og litt sjokolademelk sørga for at både humør og krefter kom tilbake (det er eigentleg artig å sjå kor fantastiske mengder sjokolademelk det er mogeleg å setje til livs…).

Etter tannpuss, fletting av hår og oppvarming var det klart for marsjering i sentrum. Sandane er ei av desse typiske skulebygdene. Full av skuleelevar i frå august til juni og så noko meir folketomt om sommaren. Vi marsjerte likevel gjennom sentrum og enda til slutt opp på plassen framfor Gloppen Heradshus (vi er i nynorsk-land, må vite) der vi holdt ein liten konsert. Publikum var om enn lite så i alle fall entusiastiske. Vi testa også ut flashmob-opptredenen vår. Thomas drog i gang showet med freske tonar på bassklarinett før resten av gjengen etter kvart heiv seg på. Han hadde plassert klarinettkassen sin framfor seg og eg trur jammen santen han fekk seg ein hundrelapp for opptredenen!

Etter speling i sentrum var det klart for ein kjapp lunsj og deretter var det ut for å sjå på kva Sandane har å by på. Enkelte tok seg ein shoppingrunde medan andre testa badetemperaturane i Gloppefjorden. Eg trur dei fleste av desse syns det var kaldt i vatnet. Kl 14:00 var det klart for bading i Trivselshagen for dei hadde lyst til det. Andre valgte heller å slappe av på skulen. Middagen blei av det kjappe og enkle slaget, pizza & brus. Trivselshagen hadde tydeligvis god pizza for samma kor mykje dei steikte så gjekk det ned på høg kant. Når måltidet var over hadde vi spist all pizzaen dei hadde, smitt og smule!

Nytt av året var den nye “Velværeavdelinga” til jentene i fjerde, femte og sjette klasse (bilete lenger nede). Der kunne dei tilby både fotbad, nakkemassasje og avansert neglelakkering. Makan til service skal ein visstnok måtte leite lenge etter! Medan jentene leverte spabehandling til både liten og stor gjekk andre på tur i nærområdet og nokre spelte fotball. Kveldsmat og premiering for årets innsats kunne takka vere det fine vêret gjennomførast ute. Vi varma pølser på gassbluss og spiste i amfiet ved skulen.

Ingen korpstur utan enten quiz eller bingo, og denne gongen satsa vi på quiz. Quizmaster Thore fekk seg eit problem då vi etter 15 spørsmål stod med fem lag på 13 poeng og eitt lag med tolv poeng. Etter heile tre ekstraspørsmål var vinnarane kåra, Team Amanda stakk av med seieren denne gongen.

Søndagen gjekk som nevnt med til heimreisa, klokka 14:00 rulla bussane våre inn framfor Åse Skole. Nedanfor har vi samla nokre bilete frå årets korpstur, vi ynskjer alle ein god sommar og seier vel møtt i august/september.