Loppemarked, marsjtrening og speling for Lions Club sin tulipanaksjon

Også i år spelte Åse Skolekorps på Moa i samband med Lions Club sin tulipanaksjon. Vi nytta høvet til å få oss litt sårt tiltrengt marstrening i samme slengen og marsjerte like godt Åse Skole-Moa-Åse Skole medan foreldra i korpset tok seg av vårens loppemarked. Nedanfor har vi lagt ut nokre bilete frå dagens musikalske sprell.

Loppemarkedet hadde som vanleg godt besøk og innbrakte om lag 105.000,- til korpset. Vi hadde besøk av NRK både fredag under rigginga og laurdag under arrangementet og reportasjen dei laga blir å sjå i NRK Møre og Romsdal si ettermiddagssending førstkommande onsdag (04.05.2016).