Korpstur til Tafjord/Valldal – Reisebrev nr 3

I dag har ikkje dei medbrakte fotografane lufta kameraet så vi brukar eit bilete frå tidlegare i vår.

I dag har ikkje dei medbrakte fotografane lufta kameraet så vi brukar eit bilete frå tidlegare i vår.

Kl 04:21: Det er muligens i tidlegaste laget å starte på dagens reisebrev frå Tafjord/Valldal-turen, men ein må skrive når sjansen byr seg. Det er stilt på skulen. Dei einaste som er vakne er Helge og underteikna. Vi «vann» hundevakta denne natta…

Det blei (relativt) tidleg stilt i går kveld. Sjølv om her var liv og røre til langt på natt gjekk det føre seg i rolige og stillferdige former. Både barn og ungdommar var trøtte og slitne etter ein lang dag i klatreparken. Dei som hadde krefter igjen etter klatringa fekk som vanleg juling av oss vaksne i volleyball. Sjølv om vi vaksne rett nok tapte eitt sett var vi likevel suverene i begge kampane mot dei eldste i korpset. Som vanleg… Gunnar har hatt ein svært fin volleyballsesong i år og prikka inn det eine serveesset etter det andre. Han var faktisk så god at det blei mumla om doping.

Neste vaktskift skal ta seg av frukostserveringa, den startar om nokre få timar og når måltidet er unnagjort er det rydding og pakking som står for tur. Siste post på programmet er ein tur i bassenget. Helge sitter i sofaen og hevdar at det er blå himmel ute, så det ser lovande ut. Om Yr skulle få rett kan det bli bading i regnvêr, men det er gjerne ikkje så farleg så lenge bassenget er oppvarma. Time will show!

Kl 09:00: Dei yngste har allereie vore på beina eit par timar trass i fortvilte hulk frå slitne leiarar som gjerne ville sove ut litt meir av gangsperra etter gårsdagens eskapader i klatreparken og på volleyballbana. I gymsalen durar det framleis lett frå sovande ungdommar som ikkje akkurat har det travelt med å få spist frukost.

Kl 09:51: Ein stakkars utskremt leiar blir sendt ned i gymsalen for å informere dei eldste om at frukostserveringa går mot slutten…

Kl 10:00: At tenåringar kan klare å bevege seg ut av soveposen, opp i andre etasje, forsyne seg med frukost og faktisk begynne å spise den – alt i løpet av 9 minutt er ein smule imponerande. Enda meir imponerande er det at han som fekk oppgåva med å purre dei ut kom fra det utan varige men. Snille ungdommar desse frå Åse!

Kl 12:00: Det er framleis (nesten urovekkjande stille) på skulen. Nokre av dei eldste ligger i gymsalen og tar seg inn etter klatring, volleyball og natterangling medan mange av dei andre har tatt turen til utandørsbassenget for å bade. Skulen er rydda og luftmadrasser, feltsenger, soveposar og all anna baggasje er pakka og klar til å lempe inn i bussane så snart sjåførane dukkar opp.

Det einaste som gjenstår, forutan heimreise, å takke for i år. Å vere leiar på tur med Åse Skolekorps er ingenting anna enn ein fornøyelse. Ingen ubehagelege episodar, ikkje krangling, ikkje nattebråk, kun leik og moro! Takk for i år, no er det berre å gle seg til ein flott jubileumssesong som skal toppast med det alle spør om: Utanlandstur!