Korpstur til Tafjord/Valldal – Reisebrev nr 2

I dag har vore dagen der mange strekte seg langt og lenger enn langt – på meir enn èin måte! Litt meir om det om litt. Dagen i dag starta for forfattaren sitt vedkommande klokka 06:30 då han, truleg som den einaste, vakna av vekkerklokka til (for ikkje å nemne namn) han som låg to plassar lenger aust… Den klokka ringte heile tre gongar utan at nokon gjorde det minste for å få tatt livet av den.

Kva gjer ein så klokka 06:30, på tur med 80+ ungar og 12-15 vaksne? Jau, ein nyttar høvet til å få tatt ein dusj! Mo mutters aleine utan å måtte stå i kø. Himmelrik…!

Etter kvart begynte det å bli teikn til liv i gymsalen der dei eldste overnattar. I overetasjen der dei yngste holder hus hadde det vore liv lenge, enkelte var nok på beina i tide til å hjelpe til med å dekke på til frukost.

Når frukosten var vel fortært var det klart for speling i Valldal. Vi starta med eit par marsjar på kaia før vi satte i veg mot Muritunet. Der holdt vi ein minikonsert medan vi venta på at Hans skulle komme med lunsjen. Den blei inntatt på plenen utanfor Muritunet. Deretter var det berre å vente på bussavgang til Valldal Aktivitetspark… Ein time er sanneleg lenge. Veldig lenge!

Dei eldste av blei sendt av garde først og i mellomtida rakk dei yngste ein tur innom den lokale leikeplassen. Vel framme i klatreparken såg vi kva som venta oss. Her var det stålwire og og tauverks spent opp mellom både pålar og furutre. Ikkje fritt for at det stakk litt i magen på nokon og einkvar. Uttrykk som “aldri i livet”, “ikkje tale om”, “e dør”, “e tissa på me” sat laust…

Noko av det vi kjem til å jobbe med neste sesong er mestring. Dagen i dag passar såleis som hand i hanske med dette målet. Det er ikkje reint få av korpsmedlemmene som har strekt seg vesentleg lenger enn både vi vaksne og dei sjølve hadde tenkt på førehand. Vi kan muligens også seie det same om ein del av dei vaksne som var med som reiseleiarar. Ei av mødrene som er med hadde ansvaret for fire unge jenter som hadde “verstingløypa” i sikte uttalte etterpå at “kan dei så kan jammen santen eg også!”

Nedanfor har vi samla ein del bilete frå dagens aktiviteter. Enjoy!