Korpstur til Tafjord/Valldal – Reisebrev nr 1

Det er muligens ikkje betryggjande, men det siste minuttet før avreise forløp om lag slik:

Inger Johanne: Kor mange har de i storebussen no? De skal ha 34, er alle på plass?

Birgit: Vi har 40!

Inger Johanne: Då har vi i alle fall ikkje for få, vi drar!

 Og så reiste vi…

Bussturen innover gjekk etter “standard oppskrift”, dei yngste i den eine bussen og dei eldste i den andre. Ingen protestar, alle veit at “før eller seinare blir det vår tur å sitje i storebussen”. Etter at innkvarteringa var unnagjort var det klart for rekognosering i nærområdet medan Kokken Jon (Kristian) fyrte opp pølsegryta. Vi gjorde det enkelt; ståande buffét ved gassblusset!

Kvelden elles gjekk med til leik og moro, nokre spelte fotball (Per Helge hevda å ha løpt for første gong på 20 år…) medan andre gjekk tur eller slappa av på skulen. Litt utpå kvelden samla vi dei eldste i gymsalen for å prate litt om korleis vi ser for oss at haustsesongen og litt av neste vårsesong skal bli. Jammen blei det tid til ein aldri så liten jamsession også der dei eldste fekk lære ein låt “på øyret”. Ingen notar, her må vi finne ut riktige grep basert på det vi faktisk høyrer. To små melodiar, kvar på fire takter som vi spelar «mot kvarandre». Funky og fint!

I morgon er det speling i Valldalen på formiddagen før vi etter kvart setter kursen mot klatreparken. Følg med, følg med – det kjem nok eit aldri så lite referat i løpet av laurdagskvelden.