Har ditt barn lyst til å bli medlem i Åse Skolekorps?

20140529-004

Torsdag 21. april spelar aspirantane våre for andreklassingane ved Åse Skole samtidig som vi delar ut eit informasjonsskriv til elevane. Målet er sjølvsagt at flest mogeleg skal «melde seg til teneste» i Åse Skolekorps. Nytt av året er at vi også rettar oss mot tredje-, fjerde- og femteklassingar i håp om at det fins nokon der som angrar litt på at dei ikkje meldte seg inn i korpset då dei gjekk i andreklasse.

Så, til foreldre ved Åse Skole: Hvis ditt barn har lyst til å bli medlem i Åse Skolekorps kan du sende ein e-post til post(a)aseskolekorps.no der du oppgjev følgjande opplysningar:

  • Barnets fulle navn og fødselsdato
  • Namn, adresse, telefonnummer (mobil) og e-postadresse til (helst) begge foreldra
  • Oppgje om barnet ynskjer å spele eit instrument eller om barnet har lyst til å begynne med drill
  • Hvis barnet ynskjer å spele eit instrument, oppgje i så fall inntil tre alternativ frå lista nedanfor (vi strekker oss langt for å innfri ynskje, men det er til slutt korpset sine behov som må styre).

I år har vi spesielt behov for barn som har lyst til å spele eitt av desse instrumentene:

  • Tverrfløyte
  • Klarinett
  • Kornett
  • Waldhorn
  • Baryton
  • Trombone
  • Slagverk

Du finner meir informasjon om Åse Skolekorps i vedlagte brosjyre (klikk på lenka). Rekruttering 2016

Siste frist for innmelding (på grunn av frist for innmelding i Ålesund Kulturskole): onsdag 27. april 2016