Flott reportasje på NRK Møre og Romsdal!

Som mange sikkert la merke til besøkte NRK Møre og Romsdal Åse Skolekorps i samband med loppemarknaden vår sist helg. Journalist og kameramann var på plass både under rigginga fredag og under sjølve loppemarknaden laurdag. Klikk her for å sjå innslaget på NRK sine nettsider.