Fire flotte ungdommar takkar for seg!

Stine, Marita, Amanda og Kamilla fekk utdelt Lydophonorden i april.

Stine, Marita, Amanda og Kamilla fekk utdelt Lydophonorden i april.

Sesongen er over, og det betyr at fire flotte ungdommar takkar for seg. Stine, Kamilla, Amanda og Marita har vore korpsmedlemmer i over halve livet men no er det over for denne gongen. Dei fire fekk utdelt Lydophonorden av første grad på vårkonserten vår i april. Denne utmerkelsen blir tildelt alle som har fullført ni år i korpset når dei når NMF si aldersgrense for skulekorpsmedlemmer.

I løpet av tida si i korpset har dei fire tatt trenarkurs i regi av NMF og har alle hatt oppgåver som trenarar for yngre medlemmer i drilltroppen vår. No er det ikkje nødvendigvis ugjenkalleleg slutt på skulekorpskarrierene deira, vi har lov til å ha dei som medlemmer heilt til nyttår og det ynskjer vi sjølvsagt å benytte oss av. Dei fire har sjølve ytra ønske om å vere med så lenge som mogeleg, og vi i korpskomiteen har lova at vi også vil sjå på om det om det kan la seg gjere å la dei vere del av korpset heilt fram til neste vår.

Åse Skolekorps takkar for innsatsen!