Åse Skolekorps på Landsstevne – Reisebrev nr 2

Dag nr 2 starta med frukost på Charlottenlund Skole før vi lasta bussane med ei blanding av nervøse og forventningsfulle musikantane og satte kursen mot Trondheim Spektrum der vi skulle delta i NM i gatemarsj. Stemninga var nesten til å ta og føle på…

Utanfor hallen nytta vi høvet til ein siste finpuss på både musikk, instrument og uniformer før vi gjekk inn i hallen. Der fekk vi varme opp i fred og ro før vi tok ein siste stemmerunde og stilte oss opp og gjorde klar for innmarsj. Inne i hallen satt det ein god kontingent forventningsfulle foreldre og tidlegare medlemmer og venta. Både marsjering, drilling og speling gjekk strålande, mange av oss hevdar bestemt at vi aldri har sett denne gjengen betre. Strålande innsats frå størst til minst!

Då vi hadde gjort unna vårt innslag nytta vi høvet til å få sett på eit par-tre av konkurrentane. Knallharde konkurrentar skulle det vise seg.

Etter konkuransen blei uniformer og instrument parkerte i bussane våre og vi satte kursen mot lunsjteltet på Trondheim Torg. Lunsjen blei fortært og deretter bar det av garde på Aspirantfabrikken for dei minste og shopping eller bading for dei eldste.

Aspirantfabrikken med Brazz Brothers var kjempegøy. Her var det ikkje mykje rom for å bruke notar, gitt! Ein drøy time seinare stod våre yngste saman med om lag 150 andre på storescena på Trondheim Torg klare for å spele med Brazz Brothers. Og for ein opptreden! Dette swinga!

Mange av oss nytta høvet til å få med oss Gardemusikken sin drilloppvisning på torget før dei entra scena og fortsatte konserten der. Dei serverte både teikneseriemusikk og rock’n roll. Eit par unge saksofonistar sukka tungt i grenselaus beundring over altsaksofonsolisten til garden…

Vel nøgde med både bading og shopping satte vi kursen mot skulen «vår» igjen for middag og prisutdeling. Åse Skolekorps har som tradisjon å premiere god innsats i sesongen som har gått; så også i år.

Prisvinnarane i år blei:

  • Årets smilefjes – Helene Sørbø
  • Årets instrumentgruppe – Trommegruppa (Bendik, Tonje, Andreas, Henrik, Sølve)
  • Årets rekke spill – Klarinettane (Thomas, Eline, Sivert, Karoline, Margun)
  • Årets rekke drill – Flaggrekka (Kamilla, Anna, Kornelia, Sunniva, Amanda, Synne, Anneli, Louise, Stine, Marthe)
  • Årets nykommer – Henrik Nesdal
  • Årets beste marsjering Amanda Hansen Nygård
  • Årets forbilder – Kamilla Grimstad og Jon Hole Drabløs
  • Årets instruktør – Sølvi
  • Årets prestasjon – Elias Skorpen

Så var det denne konkurransen då… Ein del av oss reiste til sentrum etter middag for å få med oss prisutdelinga «live». Det er alltid vanskeleg å vurdere sin eigen innsats – sjølv om ein forsøker å vere aldri så objektiv. På Torget venta Manger Musikklag oss, og den som ikkje fekk bakoversveis av konserten deira må ha vore døv…

Sjølv om vi sjølvsagt vart skuffa over å ikkje få medalje måtte vi seie oss godt nøgde med ein fjerdeplass. Tredjeplassen var ikkje så langt unna, vi oppnådde 87 poeng og korpset som fekk tredjeplassen oppnådde 88 poeng.

Dei som ikkje var i sentrum i kveld fordreiv tida med fotball, kortspel, talentkonkurranse og mykje anna moro. Lurer på om det ikkje gjekk med ein del snop også. Ryktet forteller at også denne gongen blei IKEA utsatt for eit raid av snopesvoltne sunnmøringar…

I morgon skal vi opp før fuglane har fått tøfler på seg, vi set kursen mot Stjørdalshallen allereie klokka 08:00. Der skal 7 av drillarane våre delta i NM i drilldans. Dette blir første gong hovudkorps og juniorkorps får sjå drilltroppen opptre i konkurranse og dei gler seg veldig til dette.

Deretter blir det marsjering i sentrum før vi vender nasen heimover.

Nedanfor finner de nokre bilete frå dagens aktivitetar.