Åse Skolekorps på Landsstevne – Reisebrev nr 1

Då har freden senka seg (sånn nokonlunde) over skulen og den første dagen av årets korpstur er over. Vi ankom Charlottenlund Skole i halv firetida og etter å ha fått fordelt oss utover klasseromma vi disponerer var det klart for ein aller siste gjennomgang av programmet til NM-konkurransen.

Deretter gjekk turen til Sverresborg Folkemuseum for å delta på 2014-fest. Der fekk vi oppleve mellom anna Field Band Foundation frå Sør-Afrika, eit fantastisk trommeshow med Smågardistene før vi forlot festen til musikk frå Lidolido og Ole Edvard Antonsen.

Vel tilbake på skulen rakk drillen ein rask gjennomgang av programmet dei skal framføre under deira NM-konkurranse søndag før det bar rett i soveposen.

I morgon deltar hovudkorps og drill i NM i gatemarsj klokka 10:30 og juniorane skal delta på Aspirantfabrikken saman med Brazz Brothers. Aspirantfabrikken blir avslutta med konsert på torget. Deretter har vi ettermiddagen fri, og det blir planlagt både shopping og bading. Laurdag kveld er det stor fest på Trondheim Torg, men det spørs om alle holder ut så lenge…

Nedanfor finner de nokre bilete frå dagens aktivitetar, vi kjem til å publisere bilete frå morgondagen ein gong (seint) i morgon kveld – følg med!